Tre redningsaksjonar Nesaksla

Politiet melder om tre redningsaksjonar på Nesaksla/Via Ferrata i Rauma laurdag ettermiddag. Ein person er i ferd med å bli tatt ned av luftambulansen frå Nesaksla. Personen er skadd i ein fot. Ein annan person vil deretter få bistand frå luftambulansen etter å ha skada seg øvst i Via Ferrata-ruta. Den tredje personen skal ha fått panikk oppe i klatreruta, og skal også få hjelp til å komme seg ned, opplyser politiet.

Redningsaksjon Nesaksla
Foto: Roy Tore Sandnes