Hopp til innhold

Tre pågripne etter mistenkjeleg dødsfall

Tre personar er tysdag kveld pågripne og sikta etter at ein mann blei funnen død i Ålesund tidlegare på ettermiddagen. No ber ålesundspolitiet Kripos om hjelp.

Tirsdag kveld holdt politiet i Ålesund pressekonferanse i forbindelse med et mistenkelig dødsfall.

Fungerande politimeister Unni Moen Vikebakk seier dei har pågripe tre personar.

Politiet starta like etter klokka 20.30 ein pressekonferanse på politihuset. Fungerande politimeister Unni Moen Vikebakk starta med å stadfeste at tre personar er pågripne og sikta.

- Dei tre har status som sikta, etter det mistenkjelege dødsfallet, sa Moen Vikebakk heilt i starten av pressekonfernansen tysdag kveld.

- Svært tidleg i etterforskinga

Unni Moen Vikebakk

Fungerande politimeister Unni Moen Vikebakk seier dei har pågripe tre personar.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Politiet var svært tilbakehaldne med informasjonen på pressekonferansen og sa fleire gongar at dei er svært tidleg i etterforskinga.

- Politiet kan stadfeste at vi etterforskar eit mistenkjeleg dødsfall i Ålesund, som blei oppdaga i samband med ein brann i eit bustadhus i spjelkavikområdet klokka 15.40. Omstenda rundt tilseier at det er eit unaturleg og mistenkjeleg dødsfall, sa Moen Vikebakk.

Har bedt Kripos om hjelp

Ifølgje politiet arbeider mellom 50 og 60 politifolk med saka. Dei har også bedt Kripos om bistand.

Vi har 50 til 60 tenestemenn til også bedt Kripos om hjelp. Førebels er nokre avhøyrde, og politiet vil svært gjerne ha tips frå publikum.

- Etterforskinga pågår for fullt og er i ei tidleg fase. Det foregår faktainnsamling, teknisk og taktisk, seier politinspektør Unni Moen Vikebakk.

Ho legg til at det er sett inn store ressursar i saka.

Les også:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL