Hopp til innhold

Nokon sprong, nokon sykla - nokon sleit seg gjennom begge deler

Nibberittet og Nibbeløpet har blitt arrangert i mange år. I høve arrangement nummer tjue, ville arrangørane prøve noko nytt. Det blei til Nibbedobbelen.

Nibbedobbelen

BLODSLIT: Vinnar av Nibbedobbelen 2012, Pål Kenneth Møller, Drammen CK. Han har startnummer 665, og fekk tida 3.25.03.

Foto: Knut Arild Maråk

Nibberittet 2012

KNIVING: Borghild Løvset (t.v.), Orkla CK, og Hanne Trønnes, Ottadalen SK, kniva om sigeren i Nibberittet. Trønnes trakk det lengste strået. Tida var 1.19.17. I herreklassen gjekk Kjetil Ertsås, TVK, sigrande ut med tida 1.06.53.

Foto: Arild Gjørva

Tidlegare har utøvarane enten sprunge eller sykla dei 21 kilometerane og 1500 høgdemeterane frå Geirangerfjorden til Dalsnibba. I år, i høve tjue år med motbakkearrangement i Geiranger, kunne utøvarane denne gongen få gjere begge deler.

I Nibbedobbelen sykla utøvarane først til topps, før dei rulla tilbake til start ved fjorden. Deretter gjekk turen opp igjen til topps – denne gongen til fots.

– Det var eit nytt påfunn, som blei til etter initiativ frå éin av deltakarane. Fleire som har vore med tidlegare har drive med duatlon, og dei var lystne på å prøve det her, seier Knut Arild Maråk.

Han er med i arrangørkomiteen til "Geiranger frå fjord til fjell", som er paraplyomgrepet til alle dei ulike konkurransane.

– Ideen til Nibbedobbelen kom litt seint for årets arrangement, så påmeldinga var ikkje enorm, men dei som deltok var veldig fornøgde, fortel Maråk.

Slit frå morgon til formiddag

For dei ni utøvarane som var påmeldt Nibbedobbelen (åtte menn og éi kvinne) starta dei med syklinga 08.30. Med målgang på toppen var første delen av sluttida klar.

Deretter rulla dei ned igjen, før dei starta på løpsdelen klokka 11.30 – saman med resten av dei konkurrerande i Nibbeløpet.

– Det var tungt å byrje og springe etter å ha sykla. Men det var ikkje noko verre enn venta. For min eigen del trudde eg smellen skulle kome tidlegare, seier Arve Haugland, som spring for Eidsdal IL.

Han var éin av åtte deltakarar i herreklassen, og er mannen bak ideen til Nibbedobbelen.

– Eg har sprunge 5–6 gonger før, og det var ikkje veldig mykje tyngre enn tidlegare. Eitt problem undervegs var derimot å få i seg nok næring, seier Haugland.

Han enda opp med tida 3.53.36. Vinnar av blodslitet blei Pål Kenneth Møller, Drammen CK. Han hadde nest beste tid i både rittet og løpet, med ei samanlagttid på 3.25.03. I kvinneklassen brukte Jenny Wissting, Svorkmo/NOI, 4.25.36.

– Eg håper dei arrangerer dette neste år òg. Fleire av dei deltakande sa dei skulle heim for å promotere og rekruttere, fortel Haugland – som til dagleg er lærar ved idrettslinja på Ulstein vidaregåande skule.

(Artikkelen held fram under bildet)

Nibbeløpet

SPRANG FRÅ ALLE: Tidlegare VM-, EM- og NM-meister Anita Håkenstad Evertsen, Øystre Slidre IL, vann suverent i kvinneklassen under årets Nibbeløp. Tida var 1.50.04. I herreklassen Lars Olaf Haaheim, Varegg Team Melkesyre, som vann med tida 1.42.55.

Foto: Knut Arild Maraak

– Har funne ramma

Dei ni i Nibbedobbelen var derimot berre ein bitteliten del av dei påmelde. I alt forserte 687 menn og kvinner dei 21.000 metra. 367 fann til syklane, medan 320 brukte føtene.

Som arrangør så er vi ganske fornøgde. Dette er vårt tjuande arrangement, og det har balla meir og meir på seg.

– Vi har funne ramma for korleis vi skal gjere dette, seier Maråk.

Løyperekordar blei det derimot ikkje i årets utgåver. Sterk motvind må ta delar av skulda

– Tidene er litt dårlegare, og det blei ingen rekordar. Det var ein god del vind, både for dei syklande og dei springande.

Vinnar av Nibberittet si herreklasse blei Kjetil Ertsås, TVK, med tida 1.06.53. I kvinneklassen vann Hanne Trønnes, Ottadalen SK, med tida 1.19.17.

I Nibbeløpet vann Lars Olaf Haaheim, Varegg Team Melkesyre, med tida 1.42.55 i herreklassen. Anita Håkenstad Evertsen, Øystre Slidre IL, vann kvinneklassen med tida 1.50.04.