Hopp til innhold

Tre norske perler kan få høgthengande arkitekturpris

Først var 355 internasjonale prosjekt nominert til ein av dei mest prestisjetunge arkitekturprisane i verda. No har 40 av desse gått til finalerunden. Og framleis er tre norske prosjekt med.

Sildegarnsholmen

Sildegarnsholmen ligg rett ved Sævikane på Remøya i Herøy.

Foto: Knut Hjeltnes

Dei tre norske prosjekta som kan få ein av dei mest prestisjetunge arkitektprisane i verda er høgst forskjellige. Vi snakkar om ein studentby i Trondheim, eit turistvegprosjekt på Averøy og eit fritidshus i Herøy.

Prisen heiter Mies van der Rohe Award, og er ein pris som skal løfte fram europeisk arkitektur i både sosial, kulturell, teknisk forstand. Det blir lagt vekt på å løfte fram arkitektonisk kvalitet over landegrensene, og støttar seg på arbeidet for kulturelt fellesskap i EU. Til saman er det no 40 prosjekt som er med i siste finalerunden før prisen blir delt ut.

Sildegarnsholmen

Sildegarnsholmen i Herøy. Når huset er ubebodd dekkjer skyveporter vindauga.

Foto: Arne Flatin / NRK

Erstatta nedblåst sjøbu

Eit fritidshus på ein holme i Herøy er kanskje eit av dei mest oppsiktsvekkjande prosjekta på finalelista. Like ved Remøya ligg Sildegarnsholmen. Heilt fram til Nyttårsorkanen 1. januar 1992 sto det ei sjøbu på holmen. Naturkreftene jamna sjøbua med jorda. No har eigarane bygt seg ei perle av ein fritidsbustad på holmen.

– Då byggherren ville reise ei erstatning for sjøbua som sto der før, var vi sjølvsagt bundne til å byggje eit hus med same volum som det som sto der før. Og vi måtte ta vare på steinfundamentet som den opphavlege sjøbua sto på. Desse rammene var berre positivt for prosjektet, seier arkitekt Knut Hjeltnes.

– Eit bygg for aktiv fritid

Det er Marianne og Peter Straume, begge med tilknyting til Remøya, som eig Sildegarnsholmen. Dei bur i Oslo og skal bruke bygget som fritidsbustad.

Vi har brukt det frå pinse og i eit drygt halvår. Her har vi aktiv fritid med både fiske og turar. Og meir skal det bli, seier ein fornøgd Peter Straume til NRK.

Han ønskjer ikkje for mykje oppstuss kring prosjektet, men gler seg stort over at arkitekten er nominert til ein pris.

Dette viser at vi har gjort noko riktig, og at arkitekten har vore fantastisk flink. Han klarte å ta utgangspunkt i vår visjon og skissene våre og tok prosjektet vidare, seier Straume. Fritidsbustaden har blitt svært fleksibel, der vi kan opne dei store portane for å få utsyn over naturen rundt. Men vi kan også lukke oss inne, slik vi gjorde då det bles som verst under ekstremvêret Urd.

Sildegarnsholmen

På loftet på Sildegarnsholmen. Det ser nesten ut som ein katedral.

Foto: Knut Hjeltnes

– Godt samarbeid

Straume rosar Hjeltnes for samarbeidet med dei lokale handverkarane og kommunen som godkjende prosjektet. Han legg også vekt på at dei ønskte å reise eit bygg som var så likt det gamle som mogleg utvendig.

– Det var ein god kombinasjon av arkitekt og handverkarar og Herøy viste seg å vere ein svært konstruktiv kommune, seier han.

Når ein ser Sildegarnsholmen på avstand kan det sjå ut som om det er den gamle sjøbua som står der framleis. Kjem du nærare ser du at noko har skjedd. Store skyveportar dekkjer vindaugsflatene når huset ikkje er i bruk. Når det er folk i huset blir portane skuva til sides og vindaugsflatene kjem til syne.

– Bygget skal stå fram som anonymt når det ikkje er i bruk. Då er det lukka, låst og stengt. Og portane gjer bygget godt beskytta for klimpapåverknad. mennår dei 17 portane er opna blir bygget transformert til eit feriehus som kan brukast heile året, seier Hjeltnes.

– Slektskap med dei gamle husa

Heile tida vert ein likevel mint på at utgangspunktet er eit gamalt sjøhus eller ei sjøbu. Huset ligg på ein liten holme med sjø tett inn til alle husveggane.

– Målet har vore å gjenopprette ein slags kulturlandskapssituasjon. Ein skal få ei kjensle av slektskap med dei gamle husa. Samstundes skal det fungere godt som eit fritidshus for dei som skal bruke det, seier Hjeltnes.

Sildegarnsholmen

Dette er frå hovudetasjen på Sildegarnsholmen.

Foto: Knut Hjeltnes

Innvendig er bygget prega av ein slags minimalistisk stil, med mykje treverk og lyse flater i gråtonar. Den som kjem inn vil legge merke til dei stilfulle trappene i tre som går mellom etasjane. Alt er gjennomført i reine linjer, og den nære kontakta med havet og sjømiljøet utanfor sikrar eit maritimt preg over det heile.

– Vi vil helst ikkje setje noko namn eller merkelapp på denne stilen. Då blir vi lett litt låst. Vi let uttrykket tale for seg sjølv, seier Hjeltnes.

Eldhusøya

Også turistvegprosjektet på Eldhusøya på Atlanterhavsvegen er med vidare i konkurransen om den gjeve prisen. Dette er ein del av dei nasjonale turistvegane til Statens vegvesen. Her er det laga ein turisti i galvanisert stål som snur seg i terrenget som ein rundtur rundt heile øya. Det er Ghilardi+Hellsten Arkitekter som står bak dette prosjektet.

Opning Eldhusøya
Foto: Roar Halten / NRK

Her er det også laga eit servicebygg med toalett og kiosk. Bygget ligg i terrenget på ein heilt spesiell måte, nærmast som ei vegskjering gjennom ein knaus.

Eldhusøya opning

Dette bildet er frå opninga av turistvegprosjektet på Eldhusøya på Atlanterhavsvegen. Du ser Storseisundbrua i bakgrunnen.

Foto: Roar Halten / NRK

Moholt

Det tredje prosjektet er den nye studentbyen på Moholt i Trondheim. Dei nye bustadblokkene er alle saman bygde i massivtre. Dei første studentane flytta inn i dei nye blokkene i august 2016. Det er nytta 6500 kubikkmeter massivtre for å bygge blokkene, noko som svarar til om lag 23.000 tre. Både ytterveggar og innerveggar, etasjeskiljarar, heissjakter, trapper og trapperom er i massivtre.

Moholt studentby

Den nye studentbyen på Moholt i Trondheim.

Foto: Marit Langseth / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL