NRK Meny

Tre melde etter kontroll

Tre bilførarar er melde til politiet etter ein trafikkontroll på europavegen på Vartdal i Ørsta seint fredag kveld. To blir melde for å ha køyrt for fort, medan ein ikkje ville stoppe for kontroll. Høgaste målte fart i 60-sona var 96 kilometer i timen. 16 bilførarar må betale forenkla førelegg.