NRK Meny
Normal

Tre kvinner på tjuveritokt i natt

Tre kvinner blei pågripne på Nordlandet i Kristiansund natt til laurdag. Alle tre var ute i same ærend.

Laster kart, vennligst vent...

Politiet veit førebels ikkje kva dei tre kvinnene fekk med seg.

Det var ein nabo som reagerte då han på morgonkvisten såg dei tre damene i aktivitet. Klokka 04.45 fekk politiet melding om at det pågjekk tjuveri frå boder til ei bustadblokk på Nordlandet i Kristiansund.

– Det er uvanleg at tre kvinner opererer i lag. Vi kalla det "damenes aften" her i natt, humrar operasjonsleiar Tove Anita Asp ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Usikkert kor mykje dei fekk med seg

Tove Anita Asp

Operasjonsleiar Tove Anita Asp seier dei tre kvinnene er dømde for liknande forhold tidlegare.

Foto: privat

Dei tre kvinnene er ifølgje politiet kjenningar, og har tidlegare blitt dømd for liknande forhold. To av dei er i 20-åra, ei i 30-åra, og ingen av dei var rusa då dei blei pågripne.

– Dei hadde begynt å plukke ting ut av bodene då dei blei pågripne, seier Asp, som førebels ikkje har oversikt over kva dei fekk med seg.

Truleg avhøyrde i formiddag

Dei tre sit no fengsla og blir truleg avhøyrde utpå formiddagen.