Tre generasjonar på Herøyspelet

Olgunn Torvanger har vore med på Herøyspelet, Kongens Ring, i alle dei 25 åra. I tillegg har døtrene hennar og barnebarnet Hermine Pettersen Lied (8) også vore med i fleire år.

Herøyspel for tre generasjonar

Tre generasjonar på Herøyspelet. Frå venstre Olgunn Torvanger (f. 1960), Hermine Pettersen Lied (f.2007) og Maria Torvanger Lied (f.1985). Foto/redigering: Arne Flatin

Maria Torvanger Lied har vore med på spelet i 23 av 25 år, men i år må ho halde auge med ei barnevogn medan dottera og mora er med på øvingane til det tradisjonsrike Herøyspelet.

Ho synest det er litt trasig at ho ikkje kan vere med i år, men kosar seg likevel i amfiet medan dei andre har ei av dei siste øvingane før premieren.

Familien er altså svært sterkt representert under Herøyspelet. I tillegg til dottera Maria og barnebarn Hermine var også mannen til Olgunn, Frank Lied med i fleire år, men fekk ikkje til å kombinere det med jobb.

Olgunn Torvanger

Olgunn Torvanger er med i Herøyspelet for 25.gong, og har hatt med seg både døtrer og barnebarn.

Foto: Arne Flatin / NRK

Olgunn og Frank har ei dotter til, Amalie, som har vore med i til saman 18 år. I tillegg er fleire andre i nær slekt årleg med på Herøyspelet.

Jubileum

Kongens Ring vert alltid avvikla første helga i juli. Forventningane til spelet er alltid store, og i år er det også 25-årsjubileum.

På spelplassen er det høg aktivitet når NRK er der. Folk har med seg matpakke i amfiet, nokre kjem rett frå arbeid ut til Herøy Gard for å øve. Heldigvis er det opphaldsver, etter at det var ei regnbye berre ein liten time før øvinga skal starte.

Hermine Pettersen Lied

Hermine Pettersen Lied i lyseblå kostyme har vore med på Herøyspelet sidan ho var 4 år gammal.

Foto: Arne Flatin / NRK

Kostymane er imponerande.Ikkje minst detaljane. Vedlig mange har vore med på dette år etter år, gjerne i dei same rollene. Dei fleste veit akkurat kva dei skal gjere.

Instruktørane rettar litt på detaljar,og ber om disiplin. Stort sett er ikkje det siste noko problem, ettersom dei berre øver ei veke før premieren. Det betyr at dei må vere effektive. Dei fleste som er med er amatørar, medan nokre få profesjonelle skodespelarar.

Spelet er samlande

Sigurd V.Nygard er ein annan veteran. Han har vore aktiv kommunepolitkkar i Herøy i mange år. Han føler at Herøyspelet er samlande, ikkje berre for ytre og indre del av sin kommune, men for heile regionen (sjå video).

Herøyspelet samlar området

Sigurd V.Nygard meiner Herøyspelet er samlande for regionen Søre Sunnmøre.

Det vert to framsyningar av Kongens Ring laurdag, og det same på søndagen.

Herøyspelet 2016

Frå ei av scenene under øvingar denne veka.

Foto: Arne Flatin / NRK

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.