Hopp til innhold

Tre gauper er skotne i dag

I alt tre gauper er felt i Møre og Romsdal i dag. Ei måtte bøte med livet i Surnadal, og to i Nesset.

Skoten gaupe i Surnadal

I ettermiddag blei denne vaksne gaupa felt i Snekkvika i Surndal.

Foto: Gøran Rønning / Driva

To vaksne hogauper og eit ungt hodyr har jaktlaga i Surnadal og Nesset felt i ettermiddag.

Den eine gaupa blei skoten i Snekkvika i Surnadal av eit jaktlag på 30 personar. Jegerar frå Halsa og Surnadal samarbeidde om jakta på dette dyret, og felte gaupa i 13:30-tida i dag.

Om lag like mange jegerar var med i jaktlaget som felte hogaupa og ungen hennar, i området ved Skålahalvøya.

Hundar med på jakta

No blir det opp til jaktlaga å bestemme kva som skal skje med dei tre dyra. Det kan anten ende med at skinna blir preparerte eller at gaupene blir stoppa ut.

– Det blei brukt hund i sporinga av gaupene begge stadane. Nysnø gav gode sporingsforhold, og skal ein jakte gaupe, er ein mest avhengig av spor i snøen, seier oppsynsmann Lars Olav Lund i Statens naturoppsyn.

Skoten gaupe blir sjekka av naturoppsynet

Lars Olav Lund frå Statens naturoppsyn undersøker gaupa som jaktlaget i Surnadal felte i DAG.

Foto: Gøran Rønning / Driva

Gaupa i Surnadal vog om lag 16 kilo. Morsgaupa i Nesset vog om lag det same, medan ungen var på 10,7 kilo.

– Begge dei vaksne gaupene vog det som er normalt for vaksne hodyr, og det same kan seiast om gaupeungen som var av fjorårets kull, seier Lund.

Oppgåva til naturoppsynet er mellom anna å sjekke at rovdyr er avliva på rett måte, sjekke tilstanden til dyret og ta vevsprøver.

Ikkje streifdyr

Det var avisa Driva som først skreiv om jakta i Surnadal. Til avisa seier fungerande jaktleiar, Johnny Henden, at dei klarte å felle gaupa takka vere stor innsats der mange har stått på. Sjølv hadde han ikkje sove på 33 timar då avisa snakka med han.

– Gaupa har hatt fast tilhald i nordre del av Surnadal, og var ikkje noko streifdyr. Ho var registrert i området tidlegare, seier Lund.

Det har vore jakta på gaupa i Surnadal fleire gonger denne veka. Både onsdag og i går gjekk jaktlag i spora etter henne.

Punktum for gaupejakta i nord

Når det no blei felt ei vaksen hogaupe i Surnadal, betyr det at kvotejakta for området nord for Sunndalsfjorden og Rv 70, er over for i år. Det er også stadfesta av fylkesmannen som har tilsyn med kvotejakta.

Lars Olav Lund

Lars Olav Lund har ansvart for rovviltarbeidet i Møre og Romsdal, og er også knytt til Trollheimen landskapsvernområde.

Foto: Per Jarle Heggdalsvik / NRK

– Lenger sør i fylket er det ikkje kvotejakt på gaupe, så der er det fri jakt vidare, seier Lars Olav Lund.

Det er rovviltnemnda for Trøndelagsfylka og Møre og Romsdal som har fastsett kvoten for årets gaupejakt.