NRK Meny
Normal

Ein person frakta til sjukehus etter bilkrasj

Ein person er sendt til sjukehus i ambulansehelikopter etter ei trafikkulukke i Hovdebygda i Ørsta, der tre bilar kolliderte. Vegen er no open att.

Laster kart, vennligst vent...

Ulykka skjedde i Hovdebygda i Ørsta.

Tre bilar var involvert i kollisjonen i Hovdebygda. Ein mann i bakerste bil vart frakta til sjukehus med ambulansehelikopter. Personane i dei to andre bilane ikkje skal vere skadde, ifylgje politiet.

Kva som er årsaka til ulukka er ikkje klarlagt.

Vegen var stengt i begge retningar, medan bilberginga pågjekk.

– Bilane er i ferd med å bli flytta, seier Åge Henriksen, ved 110-sentralen.

NRK oppdaterer saka