NRK Meny

Tre år i fengsel for valdtekt

Ein romsdalsmann i 50-åra må i fengsel i tre år for å ha valdtatt den åtte år gamle stedottera si. Det har Frostating lagmannsrett konkludert med. Dette er eit halvt år kortare enn dommen i tingretten, rett før jul. I dommen kjem det fram at mannen trua med å drepe mora, systera og jenta sjølv dersom ho ikkje gjorde som han sa. I dommen kjem det mellom anna fram at det er mange år sidan overgrepa skjedde, og mannen får difor strafferabatt.