NRK Meny
Normal

– Som pinneleiken

Skogryddarane på Nordmøre har hatt det svært travelt etter ekstremvêret Ivar.

Skogrydding

Mangel på snø og tele gjorde at mange tre velta under ekstremvêret Ivar.

Foto: Roar Halten / NRK

Ståle Husby

Ståle Husby har hatt det travelt i jobben som skogryddar etter ekstremvêret Ivar.

Foto: Roar Halten / NRK

Alle husstandar på Nordmøre skal no ha fått att straumen etter ekstremvêret, men framleis står att ein del oppryddingsarbeid rundt kraftlinjene.

Ekstremvêret Ivar raste som verst heilt inst i Tingvoll på kommunegrensa til Sunndal.

– Det ligg veldig mykje gran her. Det er møysommeleg arbeid, for det er mykje som ligg oppå kvarandre her, seier Ståle Husby om Sandvika i Tingvoll der det har falle svært mange tre.

– Det er sikkert ein 20–30 tre. Det vert litt som pinneleiken og få ein og ein ut, seier han.

– Annleis enn Dagmar

Stig Dyrehaug

Maskinførar Stig Dyrehaug i aksjon.

Foto: Roar Halten / NRK

Det var større og meir omfattande øydeleggingar då Dagmar raste for to år sidan. Ekstremvêret knekte trea midt på, slik at halve stod igjen, medan denne gongen er det meir tradisjonelle rotvelt. Under ekstremvêret Ivar er det mest enkelttømmer som har blitt felt. Like fullt meiner skogryddaren at det har gått høveleg bra trass i ekstremvêret.

– Eg trur vi var litt heldige med retninga, for dei spådde vel vest-nordvest, men så vidt eg kunne sjå var det mest på sørvest-vest, så eg trur kan prise oss lukkelege iallfall innover i landet at det ikkje slo til med nordvest, seier han.

Mistar straumen gong på gong

Bjørnar Ørstad

Torsdag ettermiddag mista grunneigar Bjørn Ørstad både straumen og mykje skog.

Foto: Roar Halten / NRK

Grunneigar Bjørner Ørstad som har mista mykje skog også i denne stormen, men han er mest fortvila over nok eingong å vere straumlaus.

– Det er ganske dramatisk. Det er store graner som har falle over alt langs høgspentlinja. Reint økonomisk skal eg takle det, men problemet er at det til stadigheit er utfall av straum her.

– Men er det for smale gangar rundt traseane?

– Sannsynlegvis så er det, men det er klart at når det er graner på 25 meter, så må det vere ein enormt stor gang. Om det i det heile teke er mogleg å eliminere moglegheita for at tre fell over linja, er eg usikker på, seier han.

– Framleis er lågspenten i blanke trådar, men det skulle ha blitt lagt i svart plastkabel for lengst. Det har blitt lova, men aldri gjort, så det er litt fortvila, avsluttar han.