NRK Meny
Normal

Tok kvelartak på drosjesjåfør

Bråk, slagsmål og fyll er berre noko av det politiet i Møre og Romsdal har måtte tatt seg av natt til søndag.

Blålys

Illustrasjonsfoto: Politiet i Møre og Romsdal har hatt meir enn nok å halde fingrane i natt til søndag.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

I Kristiansund blei ein mann i 40-åra arrestert etter vald mot sambuar i eigen bustad. Det var eit vitne til hendinga som melde frå til politiet.

– Kvinna blei frakta til legevakt for undersøking. Ho skal vere lettare skadd, seier Aron Tonning, operasjonsleiar i politiet på Nordmøre og i Romsdal.

Saka vil bli etterforska av politiet.

Tok kvelartak på drosjesjåfør

I Ålesund blir ein kvinneleg passasjerar i 20-åra meldt for å ha laga kvalm i ein drosje. Ho skal også ha tatt kvelartak på drosjesjåføren.

– Det vil bli oppretta sak, og kvinna vil truleg få ein reaksjon, men vi vil først avhøyre henne for å finne ut kva det er som har skjedd, seier operasjonsleiar i politiet på Sunnmøre Tor-André Gram Franck.

Hadde 2,2 i promille

I Sula blei ein mannleg promillekøyrar i 40-åra tatt hand om av publikum like etter midnatt. Ei promilleprøve viste at mannen hadde heile 2,2 i promille. Han hadde heller ikkje førarkort.

I Volda blei ein parkert bil med nøkkelen i tenninga stole i Volda klokka 02.00. Bil og tjuv blei stoppa like etter og bilførar var tydeleg full og køyrde utan førarkort, opplyser politiet. Han blir meldt til politiet.

Slagsmål og vald

Klokka 02.00 oppstod det eit slagsmål på eit toalett ved ein utestad i Molde. To fekk lettare skadar og blei sendt til sjukehus og legevakt for behandling. Begge vil melde saka.

Like etter klokka to blei ei dørvakt i Kristiansund slått då han skulle prøve å stoppe to personar som prøvde å kome seg inn på utestaden etter stengetid.

– Politiet fekk seinare kontakt med dei to då dei lagde trøbbel ved ein bensinstasjon i Kristiansund. Dei blir meldt for forholdet, seier Aron Tonning, operasjonsleiar i politiet på Nordmøre og i Romsdal.

Også på Sunndalsøra oppstod det slåsting på ein utestad i sentrum. Politiet kom raskt til staden, og ein person melde om smerter i ein fot.

I Volda klaga ein mann i 20-åra over å ha blitt slått av ei kvinne i 20-åra på ein offentleg stad. Han vil melde saka til politiet etter helga.

Fyll og fanteri

Politiet har også vore ute og dempa feststøy ved fleire bustadar i Møre og Romsdal i løpet av natta. I tillegg har ein rekke personar blitt vist vekk på grunn av fyll og bråk.

Laster Twitter-innhold

Politiet måtte også ta seg av ei anna ung kvinne i Kristiansund som var full og ute av stand til å ta vare på seg sjølv. Ho blei tatt med inn til arresten og fekk kvile seg litt.

Laster Twitter-innhold

Måtte få hjelp frå politiet

Laster Twitter-innhold