Hopp til innhold

Sovna frå nattmaten – kunne fått alvorlege konsekvensar

Ei kvinne i Ålesund måtte til lege for behandling etter at ho gløymde av nattmaten sin natt til laurdag.

Politi

I Ålesund sentrum sovna ei kvinne frå nattmaten. Det kunne fått alvorlege konsekvensar.

Foto: Johan Skålvoll

Like før klokka 04.30 natt til laurdag rykka brannvesenet ut til ei leilegheit i Ålesund sentrum etter at ein røykvarslar hadde blitt utløyst.

– Ei kvinne i 20-åra blei henta ut av leilegheit og sendt til lege for behandling etter å ha blitt utsett for røyk, seier Trygve Ødegård i politiet.

Røykutviklinga oppstod som følgje av at kvinna hadde sovna frå brent mat i steikeomnen.

– Det er skummelt. Det er alt for mange som gjer det, seier operasjonsleiaren.

– Det er farleg både for ein sjølv og dei andre i bygninga, så ho blir meldt for forholdet, held han fram.

Angreip politiet

I Volda gjekk ei utagerande kvinne til angrep på dørvakter ved ein utestad. Kvinna i 20-åra gjekk også til angrep på politiet og måtte overnatte i arresten. Ho blir meldt for forholdet.

Ville ikkje betale for drosjeturen

Like etter klokka 02.00 prøvde ein drosjepassasjer å sleppe unna rekninga for turen. Personen var full og blei tatt med inn til arresten der han fekk overnatte.

Skadeverk

Ein full person i Kristiansund tok sinnet sitt ut over ein parkert bil like før klokka 03.00 i natt. Personen knuste mellom anna eit spegel på bilen.

Dette gjorde han medan politiet observerte det heile, og mannen blei tatt med inn til arresten.

Krangla om tobakk

I Kristiansund blei to menn ueinige om kven som var eigaren av ein tobakkspung like før klokka 03.00 natt til laurdag. Det heile enda med ein krangel og ein øydelagt mobiltelefon. Saka blir truleg meldt til politiet.

I tillegg til dette blei ein rekke personar vist vekk og køyrd heim frå byen fleire stadar på Sunnmøre.