NRK Meny
Normal

Nattmat førte til brannutrykning

Slåstkjemper, overstadig fyll og ulovleg fyrverkeri er berre noko av det politiet måtte ta seg av natt til søndag.

Politibil - illustrasjon

Illustrasjonsfoto: Politiet i Møre og Romsdal hadde meir enn nok å ta seg av natt til søndag.

Foto: Illustrasjonsfoto / SCANPIX

På Sunndalsøra måtte ein mann i 30-åra til sjukehus etter å ha velta på sykkel i sentrum. Mannen blei først frakta til legevakt for behandling og blei så sendt vidare til sjukehuset i Molde.

Nattmaten kunne tatt liv

Like etter klokka fem utløyste røyk ein brannalarm i Kristiansund. Ifølgje politiet kom røyken truleg frå ein steikeomn som var påstått.

Då politiet kom fram til bustaden fann dei ein mann i 20-åra som låg å sov i den røykfylte leilegheita.

– Dette kunne fort blitt mykje meir alvorleg, men heldigvis blei brannalarmen utløyst, seier Leif E. Bergem-Ohr, operasjonsleiar i politiet på Nordmøre og i Romsdal.

Mannen blei tatt med til sjukehus for sjekk, etter å ha blitt utsett for kullos.

Trua drosjesjåfør

På Nordlandet i Kristiansund opplevde ein drosjesjåfør ein kranglete kunde i halv fire tida. Sjåføren blei trua av ein sint mann som slo i inventar og på panseret til bilen. Drosjesjåføren fekk til slutt mannen ut av bilen på eigen han.

Vald og trugslar

I Ørskog blei to personar slått i ansiktet like før klokka 02.00 natt til søndag. Gjerningsmann er kjent og vil bli meldt til politiet for valdsepisoden.

Like før klokka 03.00 blei ein mann slått i kjeven av ein ukjent gjerningsperson i Ålesund sentrum. Gjerningsmannen stakk frå staden.

Laster Twitter-innhold

Like etter klokka 04.00 fekk politiet meldingar om ei valdsepisode på Vatne i Haram. Ifølgje meldingane skulle ein mann ha vore valdeleg mot ei kvinne. Då politiet kom til staden viste det seg at det ikkje var snakk om alvorlege skadar.

I Molde blei ein person slått utanfor eit diskotek i sentrum. Personen blei køyrt til lege med det som truleg var ei brekt nase, melder politiet.

Laster Twitter-innhold

Fyll

I Ålesund blei ei overstadig berusa kvinne i 20-åra tatt vare på av politiet og frakta til politistasjonen.

Laster Twitter-innhold

Ein overstadig full person måtte også hentast av ambulanse i Ålesund sentrum natt til søndag.

Laster Twitter-innhold

På Aspøya i Ålesund skapte ein overstadig full person problem i natt. Personen ropte, hylte og sprang etter folk. Den svært fulle personen blei til slutt henta av politiet og køyrd til legevakt for sjekk og måtte så overnatte på politistasjonen i Ålesund.

Laster Twitter-innhold

I tillegg måtte politiet rykke ut til ein rekke bustadar rundt om kring i fylket for å dempe feststøy.

Ulovleg fyrverkerioppskyting

På Vestnes måtte politiet i natt rykke ut til ei leilegheit etter fleire meldingar om fyrverkeri frå ein privat bustad. Ifølgje meldingane skal det ha pågått heile kvelden. Då politiet kom til staden hadde den antatt ansvarlege forlate staden.

Men like etter fekk politiet ei ny melding om fyrverkerioppskyting frå same bustad og eigaren av leilegheita blei åtvara om at han ville bli meldt til politiet dersom det skjedde igjen.

I ein annan bustad i Vestnes fekk festdeltakarar pålegg om å dempe støyen etter klager.

Fyllekøyring

I Kristiansund blei ei kvinne i 30-åra sikta for å ha køyrt bil i berusa tilstand etter å ha blitt stoppa av politiet. Kvinna blei tatt med til blodprøvetaking.

Hærverk

I Ålesund sentrum knuste ein mann eit vindauge i ein bustad like etter klokka 05.00. Mannen stakk frå staden, men politiet veit identiteten til mannen.