I Ålesund vart ein mann i 20-åra meldt for å ha forulempa politiet. Mannen vart først vist vekk frå ein utestad før han sjikanerte politiet.
I Ørsta sentrum gjekk ei kvinne rundt å vifta med ein kniv like etter klokka 01.00. Politiet kom raskt på staden og fekk tatt hand om kvinna. Ifølgje operasjonsleiar for politiet på Sunnmøre skal situasjonen ha vore udramatisk.
Det er så langt ukjent kva som var bakgrunnen for at kvinna gjekk rundt med kniv.
Bråk og slåsting
Halv to måtte politiet ta seg av ein utagerande og berusa person om bord i ein båt i Volda sentrum. Mannen i 20-åra vart tatt hand om av politiet, og vart vist bort frå staden. Han vert meldt for forholdet.
I Molde var det mange som fekk forstyrra natteroa sin i natt og politiet måtte rykke ut til fleire adresser i natt for å dempe høg musikk og støy.
To berusa menn vart vist vekk frå ein utestad i Ålesund sentrum i natt etter å ha laga støy og bråk ved inngangen.
Promillekøyring
I Volda stoppa politiet ein bilførar for kontroll etter tips frå publikum. Mannen i 20-åra køyrde bil med promille og utan førarkort. Han blir meldt for begge forholda.
Også i Ørsta vart ein bilførar tatt med promille i ein trafikkontroll. Mannen vart framstilt for utåndingsprøve og vert meldt til politiet.
Tjuveri
Ein person vart observert då han tok med seg trosser frå ferja i Volda. Personen vart stansa av politiet og leverte trossene tilbake.