Hopp til innhold

Travel natt for politiet

Politiet i fylket har hatt mykje å gjere natt til laurdag på grunn av ein del fyll og ordensuro. Politiet melder om ei rekkje mindre episodar.

Politibil i Ålesund

Finever og mange arrangement gjorde sitt til at politiet i fylket måtte ta handtere mange mindre hendingar i går kveld og natt

Foto: Terje Reite / NRK

Mest har det vore å gjere for politiet på Nordmøre og i Romsdal.

I samband med Misundfestivalen blei ein mann i 20-årene skadd då han ville gripe inn i ein slosskamp. Han fekk kutt i eine øyret og i augebryn. Gjerningsmannen forsvann, men saka blir meldt til politiet.

Fuktige episodar

I Kristiansund har politiet teke hand om fleire som har fått i seg for mykje alkohol. Det gjeld mellom andre ei kvinne i tenåra, og ein mann i 50 -årsaldren.

I Molde måtte ein mann mann i 50-årsalderen køyrast til sjukehuset for sjekk etter at han blei sjuk på ein utestad. Mannen meinte sjølv at han hadde fått noko ulovleg i drinken sin.

POLITI

Sommarnatta ga politiet nok å gjere frå sør til nord i fylket

Foto: KYRRE LIEN / SCANPIX

Promille til sjøs

Kystvakta sjekka promille blant båtførarar i Romsdal i går kveld, og i Mordalsvågen blei ein mann i 40- åra teken på grunn av mistanke om at han køyrde båt i påvirka tilstand. Kystvakta fekk assistanse av politiet og fekk teke blodprøver av mannen.

Falske skilt

På Sunnmøre sjekka politiet ekstra nøye ein bil på Ellingsøya. Det viste seg at bilen hadde kjenneteikn påsett som tilhøyrde ein annan bil. Ein person som oppheldt seg ved bilen, hadde narkotika med seg. Politiet opprettar no sak mot personen, både fordi han hadde narkotika og fordi dei meiner det er drive dokumentasjonsfalskneri.

Godveret i går kveld førte elles til mykje festing rundt omkring i fylket. Både i Kristiansund og Volda måtte politiet trø til for å dempe ekstra festglade personar som laga for mykje støy for naboane.