Hopp til innhold

Alvorleg trafikkulukke og fyll

Politiloggen natt til søndag tyder på ei travel natt for politiet i fylket. Fyll, bråk og ei alvorleg trafikkulukker har prega den siste helga i november. Men det var også eit lyspunkt.

Politi
Foto: OLSEN, LINN CATHRIN / NTB scanpix

– Ei forholdsvis travel natt for politiet på Sunnmøre, slik summerer Sunnmøre politidistrikt natt til søndag.

Men eitt lyspunkt var det i alle fall i løpet av natta Ein person som var ute å gjekk i Ulsteinvik kjende røyklukt og oppdaga at det kom frå eit hus. Personen varsla naudetatane og politiet, i tillegg til å ringe på døra for å prøve å varsle bebuarane i huset som låg å sov.

Politi og brann kom til staden og fire personar vart evakuert. Brannen vart sløkt, men huset har store røykskadar.

– Det er ikkje opplyst at nokon vart skadde, takka vere ein snarrådig og flink melder, som skal ha stor takk, seier operasjonsleiar Ole Bjørn Harang.

Mykje fyll og bråk

På Sunnmøre starta natta med krangling, noko som skulle vise seg å bli ein tendens utover natta. Politiet måtte vise vekk mange frå sentrum ulike plassar på Sunnmøre på grunn av bråk og krangling.

Dei fekk også fleire overstadig rusa personar å ta seg av. Kvart på tre arresterte politiet i Giske ein alkoholpåverka 17-åring som lagde bråk og spetakkel. Foreldra til mannen vart varsla og han vil bli meld for forholdet.

Klokka ti over tre var det politiet i Ålesund sin tur. Då arresterte dei ein mann i tjue åra for å ha starta eit slagsmål i sentrum. Like etter blir to andre menn i tjue åra vist vekk frå sentrum på grunn av krangling og knuffing.

Om lag ti minutt seinare får politiet i Ulsteinvik melding om at ein person er lettare skadd etter eit slagsmål i sentrum. Saka blir meldt og etterforska vidare. Så er det tilbake til Ålesund. Ti over halv fem blir politiet merksam på ein person som blir utsett for vald. Gjerningspersonen blir arrestert på staden.

Alvorleg trafikkulukke

Like etter klokka fire rykket politi og redningsetatar ut til fv. 60 ved Straumgjerde i Sykkylven. Der hadde ein personbil med fire personar køyrd av vegen. Alle dei fire blei skadd i ulukka, to av dei alvorleg.

– Dei blei henta av ambulansehelikopter og floge til Ålesund sjukehus for behandling, seier Ole Bjørn Harang, operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt.

Det skal vere mistanke om promillekøyring. Bilen hadde køyrd av vegen og inn i eit busskyr. Politiet har sikra spor på staden og vil etterforske saka vidare.

Kvart på fem fekk politiet i Ålesund melding om ein personbil som hadde køyrd i fjellveggen i tunnelane opp til Valderøy. Tunnelen vart stengt og politi og redningsmannskap rykket ut til staden. Bilen hadde klart å køyre ut av tunnelen før politiet kom, men blei funnen like etter på Valderøy. Føraren som var aleine i bilen var uskadd, og det er mistanke om promille.

Mann datt på sjøen

Laster Twitter-innhold

Heller ikkje på Nordmøre og i Romsdal gjekk det fredeleg for seg. Totalt åtte personar kom i kontakt med politiet denne natta som følgje av for mykje alkohol.

Laster Twitter-innhold

Like etter blei ein ny overstadig rusa person funnen utanfor ein annan utestad i Molde. Det var ikkje mogleg å få kontakt med mannen og han vart henta av ambulanse.

Eit kvarter seinare nekta ein annan overstadig rusa person å forlate ein utestad i Molde og politiet vart tilkalla. Kollegaer av personen fekk til slutt overtalt mannen om å gå, og tok han med seg heim.

Laster Twitter-innhold

To menn i førti åra blei ved to separate tilfelle tatt med inn til arresten i Kristiansund på grunn av fyll, og måtte opphalde seg der resten av natta.