NRK Meny
Normal

I år har Nikka (98) bakt meir enn nokon gong

Nikka Myren Grønning er landskjent for baksten sin. Til trass for at sine 98 år har ho hatt den travlegaste bakstehausten ho kan minnest.

Nikka Myren Grønning

Nikka Myren Grønning har ikkje tal på kor mykje flatbakelse ho lagar i løpet av eit år.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Nikka Myren Grønning

No har Nikka tatt juleferie frå baksten.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Mjølet er pakka saman og mjølstøvet er tørka opp på kjøkkenet til Nikkoline, Nikka, Myren Grønning i Valldal no når jula er her. Men det har vore litt av ein aktivitet i haust. I løpet av året har ho levert flatebakelse og lefser til bryllaup, bursdagar, konfirmasjonar og barndåpar. Folk frå alle stader bestiller flatbakelsen til Nikka. Telefonen ringer støtt og stadig.

– No var det ein kunde frå byen som kjem og henter bakelse i snøkave. 100 bakelse har dei bestilt, seier den vesle driftige bakstekona.

Det ho er spesialisert på er den tradisjonsrike, flortynne og smakfulle flatebakelsen. Men ho er også ein raser på lefse og flatbrød.

Vart kjendis

Nikka vart landskjent då NRK laga dokumentar om henne og mange kjenner henne også att frå Norge Rundt. Men 98-åringen har ikkje berre vore på tv-skjermen her til lands. Den sprudlande husmora har også vore på BBC, der ho fekk besøk av dei kjende tv-kokkane Hairy Bikers.

  • Sjå dokumentaren om Nikka her

Sjølv om Nikka er dårleg til beins, ligg ho ikkje på latsida. Problemet er at same kor mykje ho står på, klarer ho ikkje å levere nok bakst.

– No må eg byrje å seie nei. Eg har aldri hatt det så travelt nokon haust tidlegare, seier Nikka og ler.

Held kurs

Nikkas flatbakelse

Flatbakelse er Nikkas spesialitet.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Nikka held også lefsekurs og då kjem ofte dei som vil lære kunsten heim til henne. Opp gjennom åra har ho lært bort kunsten å bake lefser til svært mange sambygdingar og andre. Minst 3000 lærevillige med kjevle har fått kyndig hjelp frå bakstekona i Myra til å bake trillrunde og passeleg tjukke lefser. Sjølv synest ho det er artig å sjå kor flinke elevane vert.

– Dei som lærer å bake lefse vert lukkelege, og for meg er det jo artig å vere så omsverma, seier Nikka.

Glad for å vere frisk

Ho er glad for at ho er frisk og oppegåande og har noko å henge fingrane i. Å sitte i ein stol og kike i veggen er ingenting for Nikka. Tradisjon tru deltok ho også på årets julemesse i Valladalen og 1000 flatbakelse gjekk over disken på få minutt. Bakelsane er ettertrakta vare.

– Hadde eg skrive opp alt eg baka gjennom eit år, hadde eg blitt mørkeredd, skrattar 98-åringen.

At ei 95 år gammal bakstekone frå Sunnmøre vert vist på BBC er ikkje kvardagskost. Heller ikkje at det er langhåra motorsyklistar som jaktar på mat frå våre kantar. Vi skal til Valldal på Sunnmøre og møte 95 år gamle Nikka som fekk besøk av TV-kokkane Hairy Bikers.
Hør Nikka (96) fortelle om livskvalitet.