Hopp til innhold

Trassar nedgangen i oljenæringa: Her blir det fleire hundre jobbar

Medan store delar av oljenæringa opplever permitteringar gir den storstilte utbygginga på Ormen Lange hundrevis av jobbar i Romsdal.

Nyhamna

Utbygginga på Nyhamna er godt i gang.

Foto: Kjetil Myren/Shell

I løpet av dei neste tre åra skal landanlegget på Nyhamna i Aukra vere oppgradert frå fleire milliardar og stå klart til å ta i mot gassen frå Aasta Hansteenfeltet. Til det trengst det folk. Mykje folk.

I alt 3500 personar skal vere i sving i i løpet av utbyggingsperioden før anlegget står klart for å ta i mot meir gass frå havet. På det meste kjem 700 arbeidarar til å vere i sving på same tid for å få prosjektet i hamn. Kværner aleine skal tilsette mellom åtti og hundre personar.

I ein bransje der utsiktene er meir usikre enn på lenge, har mange merka seg at det blir søkt etter folk i stor stil. For Geir Johnsen, som leiar Kværner sitt moldekontor, betyr det at han kan velje på øvste hylle når han skal tilsette folk.

Geir Johnsen

Geir Johnsen opplever den store pågangen av folk som eit stort pluss.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Det stemmer at vi får inn søknader frå folk som ønskjer å jobbe hos oss kvar einaste dag.

– Er det kvalifiserte folk som søkjer?

– Det er sjølvsagt både og, men vi har veldig mange gode søkjarar. Det er mange som tar kontakt, både nyutdanna, lærlingar og bedrifter som leiger ut folk, seier Johnsen.

Vil ha lokale folk

Johnsen seier søknadene kjem frå både inn- og utland. Men for både Kværner og Shell er det viktig å finne folk som har ei lokal tilknyting.

Mark Wildon

Mark Wildon seier Norske Shell ser verdiane av å ha lokale arbeidarar.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Vi syns det er bra for oss å ha lokale folk som jobbar for oss, både undervegs og etter at i driftsfasen når prosjektet er ferdig, seier Mark Wildon.

Han er prosjektdirektør i Norske Shell og er på Nyhamna for å inspisere prosjektet.

Han seier dei merkar at arbeidet gir større eigarskap til arbeidsoppgåvene og prosjekta når dei knyt til seg folk som bur i området.

– Vi får rett og slett meir stoltheit i det vi gjer og det verkar positivt inn på måten anlegget blir drive på.

– Viktig med langsiktig kompetanse

Jan Arve Haugen

Jan Arve Haugan er konsernsjef i Kværner.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Også konsernsjef Jan Arve Haugan i Kværner seier dei legg vekt på det lokale.

– For oss er dette ein kombinasjon av at vi brukar våre eigne folk som leverer delar frå verkstadene våre til anlegget og å rekruttere lokale folk som skal vere med vidare.

Etter prosjektfasen seier han dei vil jobbe med rekruttering for drift og vedlikehald. Då vil lokal kompetanse bli enda viktigare enn no.

– Då er det den langsiktige kompetanseoppbygginga som vil ha fokus for dei som skal vere med vidare, seier Haugan.

Created by InfoDispatcher