Hopp til innhold

Trassar faren for å bli sjuk

Tenåringane i KBB Storband i Ålesund let seg ikkje skreme av svineinfluensa. Laurdag reiser dei til Skottland.

Mats Gjerset Rødseth.
Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Dirigent for KBB Storband, Odd Fossum.

Dirigent for KBB Storband, Odd Fossum.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Smittefaren ved svineinfluensaen skremmer mange fra å reise utenlands. Men ikkje KBB Storband frå Ålesund. Dei reiser til Edinburgh på laurdag, og dersom nokon av medlemane blir smitta, har dirigent Odd Fossum ein plan:

- Dersom nokon blir sjuke og må bli igjen der borte i sju dagar så vil foreldra vere ilag med dei. Dei foreldra som ikkje er med, må ta turen bort, slik at ingen ungar blir liggande einsame på isolat i Skottland, seier Fossum.


- Veldig skuffa

17 år gamle Mats Gjerset Rødseth frå Blindheim har vore trommis i KBB Storband i fire år. I snart eitt år no har dei planlagd si første utanlandsreise ilag. Over nyttår vart dei einige om å reise til Edinburgh i Skottland, men så kom svineinfluensa og reisa måtte opp til vurdering. Tenåringane var redde for at turen måtte avlysast:

- Då hadde eg blitt kjempeskuffa, no har vi venta på dette veldig lenge, det hadde vore kjempetrist, seier Gjerset Rødseth.

Ikkje avlyst

Men turen blir ikkje avlyst. For styret for storbandet tok kontakt med kommuneoverlegen i Ålesund, Karsten Vingen, og han hadde eit klart svar:

Kommuneoverlege Karsten Vingen i Ålesund

Kommuneoverlege Karsten Vingen i Ålesund.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

- Dei må sjølve ta beslutninga om dei skal reise, på grunnlag av dei ulempene som kan oppstå dersom dei får influensa der borte, seier Vingen.Styret kalla inn alle foreldre til eit møte i går, der dei vart einige om å reise på tur, trass smitterisikoen. Dersom dei blir smitta og blir liggande på isolat i sju dagar, vil dei bli tatt vare på at sine næraste. Mor til Mats, Sylvi Gjerset Rødseth, var ikkje i tvil om at dei burde reise:

- Vi har gledd oss veldig og jobba for dette i eitt år, så det hadde vore veldig trist å avlyse, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL