Opptrapping av streiken – stengde skular og barnehagar

Streiken i offentleg sektor blir trappa opp frå i morgon. Det kan gjere kvardagen vanskeleg for småbarnsforeldre over heile landet.

Stine Alnes Barstad-Solberg med born.

TREBARNSMOR: Stine Alnes Barstad-Solberg har sympati med dei som streikar, men håpar situasjonen blir kortvarig.

Foto: PER-IVAR KVALSVIK / NRK

Stine Alnes Barstad-Solberg i Ålesund har tre barn i alderen fire til ti år. Om streiken ikkje blir avblåst, kan familien få ei utfordrande veke.

– Det blir vanskeleg. Spesielt med fireåringen som går i barnehage. Vi er avhengige av hjelp frå familien, seier Barstad-Solberg.

Ho jobbar som kokk ved eit eldresenteret, og har allereie merka streiken der. Fleire sjukepleiarar er tekne ut i streik.

I verste fall må ho ha guten med på jobb.

– Det er utfordrande å ha med seg ein fireåring. Mannen min har akkurat starta i ny jobb i byggebransjen, så det er uaktuelt at han blir med der, seier Barstad-Solberg.

Ho fortel at ho har sikra seg barnevakt for onsdagen, men ikkje resten av veka.

Fleire ut i streik

Sidan torsdag førre veke har over 7.000 lærarar, bibliotekarar og helsearbeidarar streika.

Dersom det ikkje har kome ei løysing innan onsdag har Unio varsla at dei tek ut ytterlegare 13.370 medlemmer.

På landsbasis vil då 20.760 Unio-medlemmer vere i streik.

Kommunane som har fått melding om opptrapping er: Alta, Bærum, Bergen, Bodø, Haugesund, Kristiansand, Trondheim, Stavanger, Levanger, Ringsaker, Sunnfjord, Tønsberg og Ålesund.

I tillegg blir Fredrikstad, Porsgrunn og Drammen råka i det nye uttaket.

– Ingen rett til fri

Tine Eidsvaag har arbeidsrett som spesialfelt og seier at det ikkje er eigne lover som gir foreldre rett til fri dersom barnehagar, skular eller SFO må stenge på grunn av streik.

Tine Eidsvaag

ARBEIDSRETT: Tine Eidsvaag er førsteamanuensis ved Det juridiske fakultet på Universitetet i Bergen.

Foto: UIB

– Men det vil ikkje vere brot på arbeidsforholdet om du er heime til du har ordna barnepass, føresetnaden vil vere at ein ordnar dette så fort som mogleg, seier Eidsvaag.

Eit alternativ vil vere å ta ut feriedagar. Ein kan òg ha rett til ulønt permisjon.

– Ein kan ha rett på det då dette ikkje er ein situasjon som ein kunne ha hindra sjølv, eller som er løyst ut av eigne handlingar, seier Eidsvaag.

Ho peikar på at det uansett er viktig å gå i dialog med arbeidsgjevar for å finne ei god løysing.

– Det kan vere nokre tariffavtaler har vedtekter om at ein kan nytte velferdspermisjon ved streik.

– Kvar enkelt må avtale

Stabssjef Roar Reiten i Ålesund seier at dei frå onsdag får drygt 1000 av 5400 tilsette i streik.

FORSTÅR: – Eg forstår at det ikkje er like hyggeleg når det slår ut den vegen, sier stabssjef for personal og organisasjon i Ålesund kommune, Roar Reiten.

ARBEIDSGJEVAR: Stabssjef Roar Reiten i Ålesund Kommune.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Fokuset vårt er på å sørge for at streiken ikkje går utover liv og helse, og å få ut informasjon til dei som blir råka, seier han.

Dei som får utfordringar må avklare med sin leiar.

– Heimekontor gjer det jo lettare, men det er ikkje optimalt for alle, seier Reiten.

– Det går ut over barna

Stine Alnes Barstad-Solberg i Ålesund trur streiken går utover barna. Månadsvis med koronatiltak i skulen har tatt på.

– No kjem dette i tillegg. Totalen blir tøff.

I tillegg til minstemann som går i barnehage, har ho to barn i skulealder. Skulen tilbyr SFO under streiken, men i den vanlege skuletida må ho ordne barnepass sjølv.

– Min 7-åring har ikkje vore heime aleine så mange timar før. Det kan bli ei bratt læringskurve for han. Vi tek ein dag av gangen, så håper eg streiken ikkje blir langvarig. Eg synest dei fortener å høgare lønn.

Stine Alnes Barstad-Solberg og born
.

BARNEVAKT I MORGON: Familien i Ålesund vert råka av streiken i UNIO.

Foto: PER-IVAR KVALSVIK / NRK