Hopp til innhold

Trappar opp leiteaksjon

Politiet i Kristiansund trappa tidleg i dag opp ein leiteaksjon etter ein 18-åring som forsvann frå kameratane sine i natt.

Leiteaksjon i Kristiansund

På Kirkelandet i Kristiansund er fleire med på leiteaksjonen.

Foto: Anne Mari Flatset / NRK

Politiet i Kristiansund trappa tidleg i dag opp ein leiteaksjon etter ein 18-åring som forsvann frå kameratane sine i natt.

Han kom vekk frå kameratane på Kirkelandet, og det er særleg der leitinga har pågått. Dei hadde vore ute på byen, og 18-åringen gjekk vidare då dei andre stoppa for å snakke med nokre kjenningar.

18-åringen haddde på seg ei grøn jakke då han forsvann. Han kjem frå ein av nabokommunane, og er ikkje spesielt godt kjent i Kristiansund.

Eigen sentral

Innsatsleiar Vebjørn Bale

Innsatsleiar Vebjørn Bale koordinerer leiteaksjonen.

Foto: Anne Mari Flatset / NRK

I morgontimane og tidleg føremiddag har politiet valgt å trappe opp leitinga, og har sjølv kalla inn ekstra mannskap. På Kristiansund vidaregåande skule er det oppretta ein eigen sentral for leiteaksjonen. Det er i same området som 18-åringen sist blei sett.

– Hit kjem det stadig frivillige som melder seg, seier innsatsleiar Vebjørn Bale.

Også Røde Kors er ute, og det same er Norske Redningshundar og ei redningsskøyte. Ein mobbåt frå brannvesenet leitar i strandkanten.

Dei som har vore i kontakt med 18-åringen i løpet av natta blilr oppmoda til å ta kontakt med politiet.

Sjekk boda di

– Vi oppmodar og folk om å sjekke i hagar, boder, kjellarar, jente- og guterom, seier operasjonsleiar Rolf Anders Korstad, som ikkje kan utelukka at 19-åringen har blitt med nokon heim.

Men førebels veit ikkje politiet kvar 18-åringen er, og har difor valt å sette i gang ein større aksjon.

Kirkelandet