Hopp til innhold

Trappar ned etterforskinga

Politiet går no ut av den mest intensive fasen av etterforskinga i samband med drapet i Hareid.

Politi og etterforskere ved åstedet

Medarbeidarar frå Sunnmøre politidistrikt og Kripos held fram arbeidet med å etterforske Hareid-drapet.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

I ei pressemelding opplyser Sunnmøre politidistrikt at det blir ei gradvis nedtrapping i etterforskinga av drapet på Sami Milhem (20) på Bigset i Hareid.

Ber om ro i nabolaget

Undersøkingar på åstaden held fram, og det er ikkje sett noko tidspunkt for når åstaden vert frigjeven. Politiet ber om ro i arbeidet og i nabolaget.

– I dette ligg det eit ønske om minst mogleg trafikk opp i byggefeltet frå andre enn dei som bur på Bigset og som normalt har noko der å gjere, står det i pressemeldinga.

På åstaden vert undersøkingane gjort av krimteknikarane til Sunnmøre politidistrikt i samarbeid med Kripos.

Held fram avhøyr

Den sikta 23-åringen, som har innrømt drapet, går no gjennom fleire avhøyr utført av ein avhøyrsspesialist frå Sunnmøre politidistrikt.

Også avhøyra av vitne vil halde fram. Til no har 65 tips kome inn og meir enn 30 personar har blitt avhøyrde i samband med drapssaka. Nokre av dei har vore inne til fleire avhøyr. Politiet ønsker ikkje å gå inn på kva som kjem fram i desse avhøyra, men blant anna skal moglege motiv vere drøfta.

Måndag vart det stadfesta at offeret vart drepen med ein kniv, eller knivliknande gjenstand. Politiet ventar no på obduksjonsrapporten for fleire svar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL