Hopp til innhold

Transport over på sjø i Surnadal

Om ein månad starter båtfrakt med varer til og frå Surnadal. Det er Sea-cargo som kjem til å gå med last inn og ut av hamna i Surnadal ein gang i veka, fortel rådgivar Jan Olav Bjerkestrand i Kristiansund og Nordmøre hamn. Det er i første omgang bedriftene Talgø og Pipelife som fører ein del av varene sine over fra veg til sjø. Bjerkestrand håper at fleire vil gjere det etterkvart.

Jan Olav Bjerkestrand, rådgivar Kristiansund og Nordmøre hamn
Foto: Anne Mari Flatset / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL