NRK Meny
Normal

– Det kan bli sluttscenen som blir filma på Atlanterhavsvegen

Atlanterhavsvegen er høgaktuell for innspeling av scener til den nye Transformers-filmen. Mannen som har leitt fram innspelingsstader i Noreg antydar at Atlanterhavsvegen er aktuell for den dramatiske sluttscenen i filmen.

Transformers: Age of Extinction

Dette er frå Transformer-filmen Age og Extinction.

Foto: United International Pictures

Transformers er ein serie med amerikanske science fiction og actionfilmar. I desse filmane hamnar køyretøy og action-figurar i svært dramatiske historier. Filmane kom i 2007, 2009, 2011 og 2014. No er det klart for den femte filmen, og i dag kunne VG fortelje at deler av filmen skal spelast inn i Noreg.

– Atlanterhavsvegen høgt på lista

Per Henry Borch er mannen som hjelper filmskaparane med å finne aktuelle innspelingsstader i Noreg. Borch er kjend for polturar saman med blant andre Cecilie Skog. han har vore med på ein realityserie og driv selskapet Location Management. Slik har han arbeidd med både Star Wars og Downsizing. Borch er fødd i Ålesund.

Atlanterhavsvegen står høgt på lista. Men det er mange andre spektakulære innspelingsstader i Noreg. Selskapet har enno ikkje gått ut med kva område som er mest aktuelle. Og vi ønskjer ikkje så mykje meir publisitet kring dette før vi har bestemt oss, seier Borch til NRK.

Så det mest riktige er å seie at deler av filmen KANSKJE blir spelt inn på Atlanterhavsvegen?

– Ja, det er kanskje mest rett. Men det kan bli deler av Romsdal, Eikesdalen, stader på Sunnmøre. Vi går veldig breitt ut i ein tidleg fase. Men Atlanterhavsvegen har markert seg.

– Indrefileten for innspelingsstader

Eit team på 50–60 personar skal filme i Noreg i to veker. Per Henry Borch seier at innspelinga i Noreg mest truleg kjem til å skje i oktober. Men det er ikkje klart om filmstjerner som Anthony Hopkins, Mark Wahlberg, Laura Haddock eller Josh Duhamel blir med til Noreg.

Per Henry Borch seier at naturen og logistikken ligg godt til rette for innspeling av storfilmar i Møre og Romsdal. Her er det vill natur som ligg svært nær både byar og flyplassar.

– Eg kallar dette området for «indrefileten» når det gjeld innspelingsstader. Det er ein naturleg stad å begynne for meg for alle slags prosjekt. Ofte bytyr logistikk svært mykje. For eksempel for Ålesund sin del så er det viktig at der er flyplass og at det er kort veg til fjordane. Det er eit stort apparat, folk skal reise til og frå og skal ha ein stad å bu, fortel Borch.

– Snakk om ein sluttscene

Borch har arbeidd opp mot Transformers-filmen i om lag eitt år. Filmselskapet held opplysningane om manus tett for brystet. Dermed er det ikkje kjent kvar dei forskjellige scenene skal spelast inn. Sjølv dei som arbeider så tett på prosjektet som Borch har enno ikkje sett noko manus.

– Men det er snakk om ein sluttscene. Og sluttscenene bruker å vere ganske store ting i alle filmar, seier Borch i intervju med NRK Møre og Romsdal.

– Når skal dette skje?

Det skulle ha skjedd for nokre veker sidan. Men det har vore forseinkingar, og no har det vore innspelingar på Island. No har det vore sagt at oktober er ein aktuell månad, seier Borch.