Trålar gått på land i Austefjorden

Alle naudetatar er på veg etter at politiet klokka 06.31 fekk melding om ein trålar som har gått på land i Austefjorden i Volda. – Meldinga går ut på at trålaren ligg med slagside halvvegs opp i fjøra, seier operasjonsleiar John Bratland i Møre og Romsdal politidistrikt til NRK. Ifølgje Bratland er også Hovudredningssentralen varsla og luftambulanse med dykkarar om bord er på veg.