Barn skadd etter traktorvelt

Eit barn vart sittande fastklemt etter ein traktorvelt på ein skogsveg i Sunndal. Naudetatane hadde store vanskar med å komme seg fram til vedkommande.

Traktorvelt i Sunndal.

SENDT TIL SJUKEHUS: Barnet som vart skadd etter ein traktorvelt er sendt til St. Olavs hospital i Trondheim.

Foto: Roar Halten

Klokka 09.25 fekk politiet beskjed om at ein vaksen og eit barn hadde velta med ein traktor på ein skogsveg i Sunndal.

– Barnet vart liggande fastklemt i traktoren, og det var ein krevjande operasjon å få vedkommande laus, seier Arild Reite i politiet.

Ulykke Sunndal.

PROBLEM: Naudetatane måtte gå til fots eller bruke eit terrengkøyretøy for å komme seg til ulykkesstaden.

Foto: Roar Halten

Verken ambulanse og brannvesenet klarte å køyre til staden der ulykka skjedde. Brannvesenet hadde også store vanskar med å få frakta utstyret for å få laust barnet.

– Brannvesenet hadde eit terrengkøyretøy, så dei fekk på plass utstyr til slutt, seier Reite.

Eit barn skal ha blitt skadd då ein traktor velta i Sunndal.

Barnet og den vaksne skal no vere frakta med luftambulanse til sjukehus.

– Barnet skal ha vore bevisst, men vi kan ikkje seie noko meir om tilstanden enn det, seier politiet.

Barnet skal vere under ti år.

Politiet kan ikkje seie noko om kva som er årsaka til ulykka. Ifølgje 110-sentralen skal det ha vore bratt og ulendt terreng i området.

Ein barn vart skadd i ein traktorvelt i Sunndal.
Foto: Tommy Fossum