Ulukka på Bjorli skjedde i april i år. Foto: Scanpix.
32-åringen er tiltalt for aktlaust drap, og sa i retten at jenta og faren hennar må ha kome inn i ei blindsone i nokre sekund.
Aktlaus
Aktor Hans Petter Ommedal, meiner mannen må dømast. - Vi meiner sjåføren har vore aktlaus ved ikkje å halde pliktene sine. Han tok for lett på det då han ikkje gjekk ut av maskinen og heller ikkje tok kontakt med andre, seier Ommedal.
Tragedie
Trakkemaskinføraren avviser uansett skuldingane, seier forsvarar Harald Stabell. - Dette er ein tragedie for sjåføren slik det også er for foreldra. Sjåføren har hatt det vanskeleg frå dette skjedde til i dag, og han ser fram til å bli ferdig med saka.
Vitne
Til saman tretten vitne skal forklare seg i løpet av den to dagar lange rettssaka. Mellom dei er faren til den fire år gamle jenta, Robert Osborg. - Vi miste det kjæraste vi eigde. Vi vil jobbe hardt for at ingen andre skal kome i same situasjon som oss. Føraren får nok den straffa han har fortjent, men for oss er ikkje det det einaste. Føraren er kanskje det nederste leddet i denne saka, seier Osborg, som også vil få fram om også andre bør stillast til ansvar.