Hopp til innhold

Trailervelt: Sjåfør lettare skadd

Politiet melde om at ein trailer hadde velta på E136 i Innfjorden i Rauma like etter klokka 10. Føraren kom frå ulukka med lettare skader.

Trailervelt i Innfjorden

Her gjekk det gale for trailersjåføren i Innfjorden.

Foto: Anders A. Hagen, Åndalsnes Avis

Vogntoget som velta ved Innfjordtunnelen i Rauma kommune gjorde at vegen vart sperra delvis.

Politiet opplyser at vegen er open etter bilberging. Vegen var stengt i litt over ein halv time.

Føraren kom seg ut av bilen sjølv. Han er lettare skadd og sendt til lege for kontroll.