Lastebilsjåfør i 20-åra sat fastklemt i over éin og ein halv time

Ein mann i 20-åra frå Sør-Trøndelag er lettare skadd, etter at han i over éin og ein halv time sat fast i førarhuset på eit velta vogntog.

Ein mann i 20-åra frå Sør-Trøndelag sat fastklamt i over éin og ein halv time etter ein trailervelt på E39 ved Betna i Halsa på Nordmøre.

Ein lastebilsjåfør sat lenge fastklemd etter ei ulukke på E39 ved Betna i Halsa. Etter´over éin og ein halv time fastklemd blei han frigjort og frakta vekk av eit ventande ambulansehelikopter.

Ulukke Halsa

Føraren, ein mann i 20-åra frå Sør-Trøndelag, blei hardt skadd i ulukka.

Foto: Bjørn Fjelnset

Ulukka skjedde på E39 ved Betna på Nordmøre.

Like etter klokka 14.20 hadde føraren blitt frigjort. Sjåføren hadde då sete fast i over éin og ein halv time.

Føraren har blitt send vidare til St. Olavs Hospital i Trondheim i eit ventande ambulansehelikopter, opplyser politiet i Nordmøre og Romsdal.

– Traileren blei liggande på taket samanklemt, noko som gjorde bergingsarbeidet vanskeleg. Men vi hadde kontakt med vedkommande heile vegen. Det medisinske må helsepersonell svare på, seier operasjonsleiar Thorry Aakenes.

Pårørande til mannen, som er i 20-åra frå Sør-Trøndelag, har blitt varsla.

Mandag kveld opplyste politiet til NTB at mannen bare vart lettere skadd i utforkjøringa.

– Mannen var ved bevissthet då han blei fløyen til sjukehuset, uttalte operasjonsleder Jan Stavaas i Nordmøre og Romsdal politidistrikt til NTB.

Laster Twitter-innhold

Køyrde utfor og velta

Politiet fekk melding om ulukka klokka 12.52 måndag.

– Vi har fått melding om ein trailer som har køyrt av vegen og hamna på taket, sa Aakenes til NRK klokka 13.00.

Ulukka skjedde på E39 i Betna, om lag seks kilometer nord for Halsa ferjekai.

NRK fekk tips om at det brann i traileren, men dette avviste politiet.

Saka held fram under bildet.

Ulukke Betna

Ei sivil gravemaskin hjelpte til i redningsarbeidet.

Foto: Bjørn Fjelnset

– Livreddande arbeid

Alle naudetatar blei sende til staden. Klokka 13.15 opplyste politiet at dei jobba med å få ut føraren som sit fastklemt.

– Vi har alle naudetatar på staden og jobbar intenst for å få føraren ut. Det er livreddande arbeid, sa operasjonsleiaren.

Klokka 13.45 sa politiet at bergingsbil som kunne få ut den fastklemde sjåføren var på veg.

– Vi har hatt kontakt med han, men det betyr ikkje at det ikkje hastar med å få han ut, sa Aakenes til NRK.

Ein bergingsbil på veg frå Surnadal sleit med å ta seg fram, og politiet oppfordra bilistar til å sleppe bilen fram.

Bergingsarbeidet blei omtalt som «komplisert». I ventinga på bergingsbil deltok ei sivil gravemaskin i redningsarbeidet. Luftambulanse var på staden og venta på at sjåføren blei frigjort.

Manuell dirigering

E39 ved Betna var lenge sperra, men klokka 14.50 hadde éi av vegbanene blitt rydda. Det er no manuell dirigering på staden, opplyser politiet.

Det er likevel kø på staden, og Statens vegvesen anbefaler omkøyring om fylkesveg 65 og fylkesveg 670 om sambandet Kvenna-Rykkjem.

Laster Twitter-innhold