Hopp til innhold

Trailer av vegen i Sykkylven

Ein trailer har køyrd av vegen ved Fetvatnet i Sykkylven. Føraren av traileren skal tilsynelatande vere uskadd.

Trailer køyrde av vegen i Sykkylven

Klokka 15.38 torsdag melde politiet at ein trailer hadde køyrd av vegen i Sykkylven.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Det var like etter klokka 15.30 av politiet melde om eit trafikkuhell ved Fetvatnet i Sykkylven.

– Traileren har hamna utanfor vegen. Så langt veit vi ikkje korleis dette har skjedd, seier Arild Reite, operasjonsleiar i politiet.

Føraren skal vere uskadd

Trailer av vegen i Sykkylven

Føraren av traileren skal tilsynelatande vere uskadd.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Føraren av traileren får behandling av ambulansepersonell på staden.

– Han skal vere tilsynelatande uskadd, men det er framleis uklart om han blir frakta til sjukehus for nærare sjekk, seier Reite.

Traileren ligg heilt utanfor vegen og det skal ifølgje politiet ikkje vere trafikale problem på staden.

– Det er manuell dirigering på staden på grunn av ulike utrykkingskøyretøy som står i vegbana, seier Reite.

Trailer av vegen i Sykkylven