NRK Meny
Normal

Trafikkvakter på plass i Ålesund

Endringar i køyremønsteret under The Tall Ships’ Races førte trafikkaos i Ålesund måndag. Tysdag hadde politiet sett ut vakter for å dirigere trafikken.

Endringar i køyremønsteret under The Tall Ships’ Races førte trafikkaos i Ålesund måndag. Tysdag hadde politiet sett ut vakter for å dirigere trafikken.

Tysdag hadde politiet sett ut vakter for å dirigere trafikken i Ålesund sentrum.

– Trafikken flyt betydeleg betre i dag enn i går, vi er ikkje heilt fornøgd, men vi har gjort ein del tiltak som har betra situasjonen, seier Frode Haugen, politiet sin representant under arrangementet The Tall Ships’ Races.

Frode Haugen
Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Trafikkvakter som dirigerer trafikken og sperringar i sentrum er blant tiltaka som skal gjere trafikksituasjonen betre.

– Vi har plassert politifolk fleire stadar i gatene. I tillegg har vi sivile frivillige som hjelper til med trafikkdirigeringa, seier Haugen.

Her kan du lese politiet sine råd for å ferdast i trafikken i Ålesund dei komande dagane.

– Såpass må vi tole

Anne Asbjørnsen var ein av bilistane som stod i kø i Ålesund sentrum tysdag. Ho tok trafikkaoset med eit smil.

Anne Asbjørnsen

Anne Asbjørnsen tok trafikken med eit smil.

Foto: Kari Nygard Tvilde / Nrk

– Køen er mykje mindre i dag enn i går. Det går fint når ein først har lært kvar ein skal køyre, seier ho.

Asbjørnsen meiner at trafikantane berre må godta ein trøbbel trafikksituasjon under The Tall Ships’ Races.

– Eg syntest det er flott at Ålesund får eit slik arrangement. Det er 14 år sidan førre gong, så dette må vi berre tole dei dagane dette står på, seier ho.

– Bruk kollektivtrafikk

Haugen ber trafikantane om å velje kollektivtransport framfor å setje seg i bilen.

Trafikk Ålesund sentrum under The Tall Ships’ Races.

Det var framleis trafikkutfordringar i Ålesund tysdag.

Foto: Kari Nygard Tvilde / nrk

– Vi oppmodar flest mogleg til å nytte seg av bussen og dei ekstra skyssbussane som er sett opp, seier han

Frå og med onsdag vil det gå skyssbussar inn og ut av sentrum frå klokka ti om morgonen til to om natta.

Mange bryt skiltinga

Politiet oppmodar bilistane om å følgje skiltinga, men til trass for omfattande skilting er det likevel mange som køyrer mot køyreretninga og inn i stengde gater.

– Folk er ikkje vant til at byen regulerast på denne måten. Dei køyrer der dei alltid har køyrd, seier Haugen.

Han trur trafikksituasjonen vil bli betre utover veka.

– Bilistane må berre lære seg kvar dei har lov til å køyre, seier Haugen.

– Burde de ikkje vore betre budd på denne situasjonen?

– Nei, eg meiner at det er ikkje så mykje meir vi kunne ha gjort. Vi har ein hovudveg inn og ut av sentrum. Eventuelt må vi sette opp fleire sperringar for å hindre at fotgjengarar går ut i vegen, men det vil vi helst unngå, seier Hauge.