NRK Meny

Trafikkulykke Velledalen

  • Lettare skadd etter ulykke

    Mannen i slutten av tenåra som blei frakta til sjukehus etter ei trafikkulykke i Velledalen tidlegare i dag, er stabil og har lettare skader. Det opplyser Helse Møre og Romsdal.

  • Dirigerer trafikken

    Trafikken blir no dirigert forbi skadestaden etter ei trafikkulykke på fylkesveg 60 i Velledalen i Sykkylven.

    Laster Twitter-innhold
  • Éin til sjukehus etter ulykke

    Tre bilar med ein person i kvar bil var involvert i trafikkulykka i Velledalen i Sykkylven. Ein bil blei påkøyrd bakfrå då han stoppa opp. Bilen som køyrde inn i den hamna så over i motgåande køyrefelt der den kolliderte med ein bil som kom i mot. Dei tre involverte skal vere i slutten av tenåra, i 40-åra og i 70-åra. – Ein mann i slutten av tenåra er frakta til sjukehus med ambulanse. Skadeomfang er så langt ukjent, seier operasjonsleiar Jan Helge Kjøl i politiet.

    Laster kart, vennligst vent...
  • Trafikkulykke i Sykkylven

    Politiet melder om ei trafikkulykke på fylkesveg 60 i Velledalen i Sykkylven. Skadeomfang er så langt ukjent, men vegen skal vere stengt som følge av ulykka.

    Laster Twitter-innhold