Ein person er sendt til sjukehus med skadar i ein fot og ei hofte etter ei utforkøyring på Glomset i Skodje i 13-tida.
Føraren, ein mann i 40-åra, var åleine i bilen.
Bilen måtte klippast opp for å få ut føraren, som ikkje kjem i frå vårt distrikt.
Trafikken på riksveg 656 mellom Magerholm og Valle går som normalt.