Trafikkulykke Langmyrvegen

  • Takkar leitemannskapa

    30 personar frå Røde Kors og Norsk Folkehjelp stilte opp på kort varsel for å delta i leitinga etter føraren som var forsvunnen frå bilulukka i Langmyrvegen i Molde. Politiet var redd for at sjåføren og eventuelle passasjerar var alvorleg skadde. No takkar politiet alle frivillige som stilte opp. Ein mann i 40-åra er funnen og sikta for å ha forlate ulukka.

  • Mann sikta for å ha forlate ulykke

    Ein mann i 40-åra er sikta etter å ha forlate ein trafikkulykke i Molde laudag morgen. Politiet etterlyste bilen han køyrde og frykta fleire i bilen kunne ha blitt livstruande skadd. Politiet mistenkjer at han køyrde i alkoholpåverka tilstand.

  • Leiteaksjon for å finne bilførar

    Politiet har sett i gang ein leiteaksjon for å finne føraren av bilen som stakk av etter ei trafikkulykke i Langmyrvegen i Molde like etter klokka 09.30 laurdag. – Vi er redde éin eller fleire i bilen kan vere livstruande skadde, seier operasjonsleiar John Brattland.

  • Etterlyser førar etter bilulykke

    Føraren som er etterlyst av politiet etter å ha stukke frå ei trafikkulykke i Langmyrvegen i Molde skal ha køyrd ein UR-registrert koksgrå Ford S-max. Føraren av den andre bilen som var involvert i ulykka er sendt til legevakta for sjekk.

    Laster Twitter-innhold
  • Trafikkulykke i Molde

    To bilar er involverte i ei trafikkulykke i Langmyrvegen i Molde. Den eine føraren har stukke frå staden i ein blå eller koksgrå bil. Politiet opplyser at det sannsynlegvis er skadar på bilen og ønskjer tips frå publikum.

    Laster Twitter-innhold