Hopp til innhold

To tenåringar krasja med buss i Ulsteinvik

To unge gutar hamna i vegen etter å ha krasja med ein buss på lett motorsykkel ved Ulstein vidaregåande skule i 18-tida i kveld.

Ulukke i Ulstein 17. oktober

Ulukka skjedde ved Ulstein vidaregåande skule.

Foto: Arne Flatin / NRK

Motorsykkel krasja med buss i Ulstein

Gutane på motorsykkelen fekk heldigvis berre lettare skader etter å ha krasja i ein buss.

Foto: Arne Flatin / NRK

Politiet melde klokka 17:58 at ein buss var involvert i trafikkulukka i Ulsteinvik.

Dei to 16 år gamle gutane, som sat i lag på motorsykkelen, blei lettare skadd og køyrt legekontoret på Hareid for behandling.

– Dei to gutane skal ha krasja i bussen på venstre side, men vi er enno ikkje sikre på kvifor dette skjedde, seier operasjonsleiar Johan Arnt Overøye ved Sunnmøre politidistrikt.

Laster Twitter-innhold