Hopp til innhold

Trafikkulykke i Ulstein

Det har skjedd ei trafikkulykke i Selvågtunnelen i Ulstein. Politiet melde først at kollisjonen hadde skjedd inne i tunnelen, men opplyste etter kvart at ulykka skal ha skjedd utanfor tunnelen. Skadeomfanget er så langt ukjent, men naudetatane er på veg til staden.

Statens vegvesen melder at det skal vere snakk om ei alvorleg ulykke og at vegen kan bli stengt lenge.

Ulykke ved Selvågtunnelen i Ulstein

Var fastklemt etter kollisjon i Ulstein – frakta til sjukehus

Ein person er frakta til sjukehus med luftambulanse etter ein kollisjon like utanfor Selvågtunnelen i Ulstein. Vegen var stengt lenge etter ulykka.