Trafikkulykke i Halsa

Tre bilar er involverte i ei trafikkulykke på E39 i Halsa. Politiet skriv på Twitter at det er meldt om personskade, men at omfanget er ukjent. Brannvesenet er på plass, medan dei andre naudetatane er på veg. Det er glatte vegar i området og redusert framkomst.