Hopp til innhold

Trafikkulykke Herøybrua

Politiet melder om ei trafikkulykke på Herøybrua. Ein bil skal ha køyrd i bergveggen og det skal vere glatt på staden, opplyser 110-sentralen i Møre og Romsdal. Naudetatane er på veg til staden. Skadeomfang er så langt ukjent og det var berre ein bil involvert i ulykka.