NRK Meny
Normal

Trafikkulukke på Solevågseidet

Ein bilførar vart fråteken førarkortet etter ei trafikkulukke ved Solevågseidet onsdag morgon.

Ulykke Solevågseidet

I morgontimane onsdag kolliderte to bilar på Solevågseidet i Sula kommune.

Foto: Stian Sve

Trafikkulykke Solevågseidet

Ingen fekk alvorlege personskadar i ulukka.

Foto: Stian Sve

Det var like før klokka halv åtte onsdag morgon at to bilar kolliderte i krysset mellom fv. 61 og E39 ved Solevågseidet i Sula kommune.

–Tre personar er frakta til legevakt med lettare personskadar, seier operasjonsleiar Borge Amdam ved Sunnmøre politidistrikt.

Alle naudetatar rykka ut til ulukka.

Ifølgje politiet skuldast ulukka ein påkøyrsel bakfrå. Førarkortet til ein mann i 30-åra er beslaglagt.

Det var ei stund kø forbi skadestaden. Like etter klokka halv ni gjekk trafikken som normalt.