NRK Meny
Normal

Trafikkulukke på Skåla

Det har vore ei møteulukke mellom ein bil og motorsykkel ved Skålasenteret utanfor Molde. Alle naudetatane rykte ut til staden.

Laster kart, vennligst vent...

Trafikkulukke i Molde

Ulykka skjedde like før klokka tre laurdag ettermiddag, rett ved Skålasenteret på fylkesveg 64.

Føraren av bilen skal ikkje ha heldt vikeplikta si ved svinging over vegen. Det melder politiet i Nordmøre og Romsdal.

Føraren av motorsykkelen skal vere oppegåande og skal ha kome unna med mindre skader. Det melder politiet på Twitter.

Brannvesenet, som var på staden, kan melde om små materielle skader.