Hopp til innhold

Trafikkulukke i Volda: Person fastklemt

Ein person er send til sjukehus etter ei trafikkulukke i Volda torsdag kveld. Mannen blei sitande fastklemd etter utforkøyringa.

Trafikkulukke Volda

Både ambulanse, brannbilar og politibilar var på staden i samband med ulukka.

Foto: Åge Andre Breivik

I natt kunne sjukehuset opplyse at mannen fekk lettare skadar og at tilstanden er stabil.

Det var to personar i bilen. Den andre personen blir teken hand om i ein ambulanse kort tid etter utforkøyringa. Denne personen skal ha kome frå utforkøyringa utan skadar.

Brannvesenet måtte bruke hurtifrigjeringsutstyr for å få mannen som sat fastklemd laus.

Både politi, ambulanse og brannvesenet kom til staden. På eit tidspunkt var det 5 utrykningskøyrety i området.

Laster Twitter-innhold

Ulukka skjedde i Vikebygdvegen i Volda, på hovudvegen, ikkje langt frå golfbana i Volda.

Politiet sperra vegen der ulukka skjedde. Ein bil låg eit stykke nedanfor vegen.

Volda