NRK Meny
Normal

Mc-førar kolliderte med elg

Ein mc-førar blei lettare skadd i ei trafikkulukke i Surnadal onsdag kveld.

Laster kart, vennligst vent...

Ulukka skal ha skjedd på fylkesveg 65 i Surnadal.

Det var like etter klokka 18.00 at politiet på Nordmøre melde om ei trafikkulukke på fylkesveg 65 i Surnadal. Alle naudetatane rykka ut til staden.

– Mannen i 40-åra blei frakta til sjukehus for kontroll. Han skal ikkje vere alvorleg skadd, men klaga på smerter i ei arm og hovudet, seier operasjonsleiar Jan Helge Kjøl til NRK.

Kollisjonen skal ikkje ha ført til trafikale problem.