NRK Meny
Normal

Trafikkulukke i Ørsta

To personar blei skadd i ei trafikkulukke i Ørsta like før klokka 16.00

Laster kart, vennligst vent...

Trafikkulukka skal ha skjedd mellom Morkaåstunnelen og Helgehorntunnelen i Ørsta kommune.

Ifølgje Sunnmøre politidistrikt skal ulukka ha skjedd mellom Morkaåstunnelen og Helgehorntunnelen i Ørsta kommune.

– Det var ein person i kvar bil, begge desse er no sendt til sjukehus med personskadar, opplyser Magne Tjønnøy, operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt.

Det er enno uklart kor alvorlege desse skadane er.

Over i feil køyrefelt

Ifølgje Sunnmøre politidistrikt har bilane kollidert front mot front, etter at det eine køyretøyet kom over i feil køyrefelt.

Naudetatar og politi rykte raskt ut til staden og Helgehorntunnelen blei mellombels stengt i bergingsarbeidet. Politiet opplyser at tunnelen no er open, men at det blir manuell dirigering på staden inntil bilbana er fjerna.