NRK Meny
Normal

Trafikkulukke i Fræna

Ein mann i slutten av tenåra køyrde av vegen i Fræna natt til torsdag.

Laster kart, vennligst vent...

Ein mann i tenåra vart skadd då han køyrde av vegen i Fræna natt til torsdag.

Det var like etter klokka halv fem natt til torsdag at Nordmøre og Romsdal melde om ei trafikkulukke på fv. 64 nordaust for Moakrysset i Fræna.

Eit einsleg køyretøy hadde køyrd av vegen og naudetatane rykka raskt ut til staden.

– Føraren, ein mann i slutten av tenåra, vart køyrd til Molde sjukehus med smerter i ryggen, fortel operasjonsleiar ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Bilføraren var aleine i bilen då ulukka skjedde.

– Det er så langt usikkert kva som er årsaka til utforkøyringa, men saka blir etterforska, seier operasjonsleiaren.