Hopp til innhold

Mann mistenkt for køyring i rus

To personar er sendt til sjukehus etter ei trafikkulukke ved Mauseidvåg i Sula.

Trafikkulukke aust for Sulesund
Foto: Skjermdump

Naudetatane fekk melding om ulukka klokka 16.08.

To bilar og tre personar var involverte i ulukka. To har blitt sendt til Ålesund sjukehus med ukjend skadeomfang medan ein tredje person er uskadd.

– Ulukka skjedd då den eine bilen køyrde inn i den andre, seier operasjonsleiar Magne Tjønnøy ved Sunnmøre politidistrikt.

Føraren av den eine bilen, ein mann i 20-åra, er mistenkt for køyring i ruspåverka tilstand.

– Blodprøve har blittt teke og vi opprettar sak, seier operasjonsleiaren til NRK.

Vegen var i ein periode stengt som følgje av ulukka og det var mykje kø på staden. Politiet dirigerte trafikken.

Bilane er taua og trafikken går som normalt.

Laster Twitter-innhold

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL