Hopp til innhold

Trafikkuhell skapte rushkaos

To trafikkuhell midt i rushtida førte til kaos i trafikken i Ålesund i timesvis torsdag ettermiddag.

Kaos i Ålesundtrafikken

Politiet spring for å hjelpe til med trafikken, men mange bilistar ergra seg over lange køar i ettermiddagsrushet i Ålesund.

Foto: Hans Olav Landsverk / NRK

Ellingsøytunnelen var stengt i ein time, og det skapte kaotiske forhold for bilistane inn og ut av sentrum av Ålesund.

– Då vi vel hadde fått ut traileren som fekk problem i den eine av Ålesundstunnelane, skjedde eit samanstøyt mellom to bilar i same tunnelen, og dermed blei Ellingstunnelen stengt nok ein gong, seier operasjonsleiar Kenneth Sætre.

Ikkje berre Ålesund sentrum, men også Moa-området hadde lange kødanningar i ettermiddag. Trafikken gjekk seint over alt.

– Det korka seg rett og slett fordi alt skjedde på verst mogleg tidspunkt, seier Sætre.

Politiet var ute og dirigerte trafikken, men det vart stort etterslep for trafikkavviklinga på grunn av dei to uhella i Ellingsøytunnelen.

– Vi oppmodar bilistane om å vere tolmodige. Om dei ikkje når middagen, kjem dei i alle fall heim til kveldsmaten, sa operasjonsleiar Kenneth Sætre.