Hopp til innhold

Trafikkuhell på Borgundvegen

Oppsummert

Politiet rykka ut etter meldingar om to bilar som hadde kollidert på Borgundvegen på Åse i Ålesund.

  • Førarkort beslaglagt etter ulykke

    Begge førarane som var involvert i trafikkuhellet på Borgundvegen på Åse i Ålesund er frakta til legevakta for sjekk. Det er meldt om større materielle skader. Det kan tyde på at brot på vikepliktsregelen kan vere årsaka til uhellet, ut ifrå hendingsforlaupet som har blitt beskrive til politiet, skriv dei på Twitter. Førarkortet til den eine sjåføren er difor beslaglagt.