Hopp til innhold

Trafikkuhell Kverve

  • Tunnelane er opne

    Ålesundstunnelane er opne att etter trafikkuhellet på Kverve for ei stund sidan. Politiet melder at det framleis går føre seg arbeid på skadestaden og bed trafikantane om å vere merksame på dette. 3 personar blir køyrde til sjukehus for sjekk. To av dei er barn, éin er vaksen.

  • Trafikkuhell på Kverve

    To bilar og tre personar er involverte i ei trafikkulykke på fylkesveg 658 på Kverve i Ålesund. Skadeomfanget er ukjent. Ellingsøytunnelen og Valderøytunnelen er stengt inntil vidare.