Hopp til innhold

Trafikkuhell i Ørsta

To bilar er involverte i eit trafikkuhell i Vallabøvegen i Ørsta. Det var ein person i kvar bil og begge verkar uskadde, opplyser politiet. Begge bilane har fått store skadar. Politiet meiner at den eine føraren har brote vikeplikta og beslaglegg førarkortet til vedkomande.